tirsdag 31. mai 2016

Frå syklist til bilist til ein syklist til ein bilist. #syklingensdag 7.juni

Som noken kanskje har fått med seg, så likar eg å sykle.
Det er mange som likar å sykle!
Spesielt ungar likar å sykle, og kven som lærer ungene å sykle?? Det er stort sett foreldra. 
Og for ein stas det er når veslejenta- eller guten knekk balansekoden og tar sine spede første vaklende meter bortetter vegen på sin skinande nye sykkel.
Kanskje den var kjøpt inn som gave til jul, og nå når sumaren er her så er det på tide å ta av støttehjulene og løfte ungen enda eit hakk opp på mestringskurven. 
Stort sett alle har vi vel vert den ungen? 
Kan du ikkje enno kjenne følelsen av spenning og fryd når det går opp for deg at du syklar heilt aleine, at det er du som holder balansen og styrer farten. 
Kjennes det ikkje litt som å fly..?
No var jo eg så heldig at eg vaks opp på landet, på den tida då det var lite trafikk i vegen og det ikkje var farleg å sykle uten hjelm.
Så ofte eg kunne sykla eg til og frå skulen, sjølv om skulevegen ikkje hadde ei einaste meter med gang- og sykkelsti, og bredden tilsvarte litt over ein bilbredde. 
Til gjenngjeld hadde vi bakkar. Eg hadde fire oppoverbakkar til skulen og to heimatt, og eg hadde litt konkuranse med meg sjøl om eg klarte å sykle opp heile bakken frå Grasdal til Sætretoppen.
Så vart eg litt eldre, sånn ca tenåring, og då vart det ikkje så stas med sykkel lenger. For kven som vil kome til skulen svett og fel, med heile buksebeinet innsmurd i kjedeolje, raud i kjakane etter all den friske luften og blå maskara rennande ned i den rosa rougen. (detta var på 80`tallet, må vete)
Sykkelen vart brukt mindre og mindre, og ein vakkar dag forsvann den heilt og eg pusta mesta letta ut.
Og fekk meg moped.
Seinare fekk eg bil.
Og så motorsykkel.
Og for å vere heilt ærlig så vart eg plutselig syklist at for ei periode..
Men då hadde eg allerede kjøpt sykkel i håp om å kunne sykle til jobb nokre dagar i veka, men hadde litt slukøra innsett at så lenge bilen sto i garasjen så kom eg neppe til å frivillig velge sykkel på morgonkvisten.
Eg fann vertfall ut at sjølv om eg hatar å verte anpusten og svett, så elska eg friheitsfølelsen på sykkel! Da vart mesta som å køyre motorsykkel, berre at det ikkje gjekk fullt så fort. Anna en kanskje i nedoverbakkane.
Men noke mangla på den vanlege hybridsykkelen, for å kunne sykle lengre turar måtte eg og sykle fortare, og kven var det som alltid sykla forbi meg når eg var på tur?
Jaudå, svette lyckrakledde menn på racingsykkel.
Min bror hadde ein gong ein racersykkel, eg kunne enno kjenne følelsen eg hadde då eg som 11 åring for ned Klarabrekko på min bror sin racersykkel med dei utslitte bremsene på, då gjekk da unna! Litt vanskelig å kome gjøno svingen i bunn av bakken men sånt går seg te.
Da vart racingsykkel på kjerringa til sist, og etter å ha lært å sykle på nytt, sånn med beina fastspent i pedalen så eg kunne utnytte kraften i beina både når eg trakka ned og dro opp, så vågde eg meg på litt lengre turar.
Som frisør snakkar eg jo med mange folk, og dei som kjenner meg veit at eg også snakkar mykje! Så no gjekk da i sykkel.
"Åja, har du fått deg racingsykkel asså?" sa folk. "så no er du vorten ein slek som syklar i vegbana ved sidan tå gangstien?"
"Å neida!" sa eg skråsikkert "fram til eg er vorten så sprek at eg klarar å halde fartsgrensa i vegen, det vere seg 50 eller 60 eller 80 km/t, så finn du meg på gang- og sykkelvegane!"
"Det er så idiotisk å sjå når dei syklar i vegen ved sidan av tomme gangstiar og lagar fela kø for bilistane"
Osv...
Det gjekk for så vidt bra når eg sykla rundt her på Holsnøy, for her er eg lommekjent og viste kor alle avkjørslane var der eg måtte ned for å kome inn på gangstiane. Eg var også så kjent at eg viste om alle gamle veger som kunne nyttast framfor dei nye og meir trafikerte vegane. 
Så sykla eg jo stort sett berre for turen sin del, og då gjer det ikkje noke om det tar tid.
Men det var ikkje alltid like lett å forholde seg til høge kantar, hullete fortau med glassbitar på, eller småstein og grus som vart kosta over frå bilvegen attmed.
Dessuten kunne det fort gå litt gale når ein skulle passere ungar på sykkel, damar med joggevogn og musikk på øyret med hunden i bånd, som var ute å multitasket litt. 
Eller dei som har så snille hundar at dei ikkje trenger bånd, eller leende tenåringer som snubla over kvarandre i eit forsøk på å samle seg på eine siden av fortauet. 
Det er ein kunst å klare å vri ut skoen frå pedalen kjapt nok til å unngå stabilt sideleie i grøftekanten med påfølgende skamm og latterbrøl...
Det største aha-opplevinga fekk eg første gongen eg skulle sykla rundt Nordhordland. Utstyrt med verdas minste nistepakke, godt oppveid tå verdas største skråsikkerheit, la eg i veg på min dertil legste tur.
Og den skulle foregå på gang og sykkelsti, for det var der eg som syklist høyrde heime. 
Første overraskelse var kor kronglete det var å kome seg over fortauene på bruene. Veldig humpete og ganske smalt, møtte eg folk med vogn eller ein anna syklist, måtte eg stoppe for å sleppe dei forbi.
Då eg var komen til Knarvik var lokalkunskapen min ang sykkelstiar på sviktane grunn, men eg tviholdt framleis på tanken om kor eg høyrde heime. 
På lange strekk manglar det fortau, her må eg sykle i vegen, og når fortauet endeleg dukkar opp att så må eg krysse vegen og foreta ganske så akrobatiske svingar i lav fart for å komme meg på fortauet att. 
Men da gjekk. 
Stor var forundringa då fortauet etter 50 metar enda i eit bussstopp, for så å fortsette på andre siden av vegen.
Det var heldigvis lite trafikk denne dagen, men eg må jo ha sett litt urkomisk ut der eg for å kryssa over vegen kvar 50 meter alt etter kor i verda fortaua var plassert.
Som tidlegare mopedist og motorsyklist har eg fått god opplæring og erfaring om korleis eg som lita i trafikken skal klare å verta sett.
Eg forsto raskt at dette var kunskap eg måtte ta med meg på trøsykkelen. 
Eg syklar med den instillingen at alle eg møtar ser etter bilar og ikkje (motor)syklistar, og dermed er det lett å verte oversett. Her er det tydelig plassering i vegbanen som gjelder. 
På plassar der det fins skikkelig vegskulder kan ein nytte desse til å sleppe trafikken forbi, på tofelts veg uten vegskulder er den riktige plasseringen for ein på to hjul i bilens høgre hjulspor. Dette er mest for eiga sikkerhets skuld. 
Om det kjem bil i mot, skal ikkje bilen bak deg køyre forbi deg samtidig som den passerer ei møtande bil, for om da vert for trangt om plassen, så er syklisten den tapande part. Om du legg deg heilt i autovernet vil dei fleste bilførarene velge å kjøre forbi deg sjøl om det kjem bil i mot. Med å ligge i høgre hjulspor hindrar du bilen i å foreta ei for deg, farleg passering.
Dette er sjølvklart til stor irritasjon for enkelte bilistar, mens andre bilistar eg snakkar med seier dei er glade om syklisten er tydelig i sine sporvalg, så dette gjer det lettare for dei å forhalde seg til syklistens tankegang.
Det vil som oftast gå bra.
Eg er ganske petinetete når det kjem til korleis vi oppfører oss i trafikken som gruppe, korleis vi forholder oss til trafikkreglene og korleis vi forholder oss til den øvrige trafikken.
Som syklist ønsker eg å verta annerkjent som eit fullverdig medlem av det store trafikkbildet, og eg ønsker å ferdast så trygt som mulig.
For å få til dette må alle syklistar vise respekt for sine medtrafikanter og vegtrafikkloven, og gjere det å forhalde seg til syklistar så enkelt så mulig for billistar og gåande. 
Eg har ingen problem med å skjøne at øvrige folk skvetter til når det kjem syklistar sprettende ut i vegbanen før dei, uten at dei har fått ei sjans til å sjå at dei er der. 
Eller når syklistar plutselig hiv ut ei hånd i samme sekund som dei velger å krysse vegbanen før deg for her skulle dei til venstre vist.
Eg syklar ikkje mye i byen, men når eg gjer det er det ei håpløs affere. 
BROSTEIN! 
og lyskryss og bybanen og bybaneskinner. For ikkje å snakke om alle dei som synes det er heilt greit å sette kontaineren eller bilen eller pallene med støypesand i dei få sykkelvegene som finnes i Bergen by. 
Det er nok ikkje så mykje betre i andre byar heller tenker eg. 
Greit nok så skulle vel den kontainerer bare stå der i ett par dager, og støypesanden vart sikkert fløtta i løpet av dagen, men det var akkurat no, i dette sekundet, at eg heldt på å verta nedkjøyrt for eg måtte hive sykkelen ut i vegbanen der sykkelfeltet var sperra.

Som om ikkje sykkel skulle vere nok, så har vi gått til anskaffelse av bubil, så no har eg vel full uttelling på skalaen for korleis å irritere mine medtrafikantar. 
Bubilen er av type stor og tung med relativt liten motor, så når eg er ute å køyrer den, så tar eg med meg noke av den kunskapen eg har ervervet meg på mine mangen trøsykkelturar: Ser eg at eg lagar kø bak, så finn eg ein høveleg plass å svinge av så eg kan sleppe fram mine medtrafikantar. Men eg kan ikkje verta ståande her heile dagen, så når eg har slept fram dei bilane som ligg bak, så fortsetter eg ferden. 
Dette betyr at den stakkaren som tar meg først att desverre må vente lengst før eg på ny har sjans til å hjelpe forbi neste kø. 
Eg har enno til gode å oppleve illsint fløyting og uhemmet vasking av vinduar når eg gjer tegn til at det er klart og bilane bak meg kan køyre forbi meg når eg sit i bubilen.
Dette er litt løye, for når eg sit i bubilen er eg ei større hindring en på trøsykkelen. Dessuten vil sjølve bilen redusere noke av støyen som kjem når bilane fløytar ilskt, gjerne ei meter frå bakhjulet ditt og du skvetter himmelhøgt i forfjamselse og gru. 
Det er og lita fare for at vindusspylarvesken skal havne sviande i auga på meg når eg sit i bubilen, men på trøsykkelen er det nok større sjanse for at dei som treff meg med vindusspylarvesken faktisk blindar meg nok til at eg mister kontroll over sykkelen og i verste fall endar som vegskrap.
Då undrar eg på, er det det at eg er lita som gjer at folk vert så hissige?
Er ikkje eg som person like mykje verd på trøsykkel som i bubil?
Tenker ikkje folk på at dei som dei møtar på sykkel i trafikken ein gong var nokons lille gut eller jente som stålande lykkelig lærte seg å sykle, til foreldras og sikkert besteforeldras stolthet og glede.
Tenker du på at dei du møtar i trafikken også har nokon som er glade i dei, enten du møtar dei på to, fire eller atten hjul?
Du kjenner dei ikkje, men ein framand kan vere ein ven du ikkje har møtt enno. 
Kanskje er denne idioten som ligg før deg og skapar kø opp bakken, samme legen som to timar seinare skal redde live ditt etter eit akutt hjarteinfark, eller ei stygg bilulykke, eller h*n berre oppdagar sjukdomen din i tide?
Eller den bilisten som i eit uoppmerksomt øyeblikk kjem litt nær deg og du smeller neven i panseret og visar fing til idioten, det kan vere brannmannen som seinare skal heim til deg å redde deg ut frå flammane.
Mest sansynleg er det berre ei heilt vanleg dame eller mann, som er på veg til sitt litt uspennende kvardagsliv og oppfører seg som dei aller fleste kvardagsmennesker gjer. 
Neste gang kan du prøve med ei helsing og eit smil, kanskje du då får eit smil att. 
Ville ikkje det ha vore ei flott start på dagen!?


Foto: Dag-Ove Njøtøy
Tirsdag 7. juni er det Syklingens dag, og mellom kl 16.00 og 17.00 vil det verte diverse aksjonar i nokon av dei største byane for å fremja sykling og setje fokus på konflikt mellom syklist/bilist.
Dette er ein del av Statens Vegevesen sin del veien- kampanje, og eg håper at dei som har giddet å lese heilt ned hertil også tek seg nokre minuttar og tenker over korleis akkurat DU kan vere med å gjere vegen til ein tryggare plass for alle!

Beste Helsing Anita

Sykkelvettreglar NCF



Blogglisten Instagram

søndag 3. august 2014

Postvegrittet 2014

Den Bergen-Trondhjemske postveg 
Høres ikkje dette vakkert ut ?
Arbeidet på vegen blei påbegynt i 1780 og varte heilt til 1804, og skulle vere den sikraste måten å få posten fram på, på denne strekningen. 
Tidligare vart posten sendt til Bergen via Oslo, og det seier seg sjøl at dette var en langsom løsning- sjøl til de dager å vere.
Postvegen vart nytta heilt fram til 1868, då overtok dampskibsruta postfremføringa.
Men postvegen låg der fortsatt. Delar av vegen vart og vert framleis nytta av lokale bønder, og delar av vegen grodde att. 
Men no er vi jo vorte eit "ut_i_naturen_å_gå-folk" og i den anledning har dei gamle postvegane begynt å kome til heder og verdigheit att.

mandag 30. desember 2013

Og sånn lykkes du med å nå dine mål i 2014 ! Hallo, kva mål, MÅ vi ha nyttårforsett ??

Sånn ! 
No er årets desidert siste treningsøkt unnagjort, det blei en styrke/spinn på StudioNor på kvelden.
Så då kan en vel ikkje annet en å vere fornøyd, eller....?
Det spørs det, har vi no egentlig lov å klappe oss på skulderen og vere fornøyd med innsatsen i året som gikk, eller bør vi som avisene og ukebladene elsker å fortelle oss no når det nermer seg nyttår, ha planene klare for kordan vi kan prestere enda bedre en vi gjorde i år, i 2014 ?